Det mest dyrebare du har, er tida di.

Kva vil du bruke den på?

Ut mot Nordsjøen, heilt i vest, ligg Fedje.

Eit lite og nært øysamfunn der det er godt å bu og leve.

Her er det ingen bilkø som stel tida di.

Me har både tid og råd til det som er viktig for oss.

Det me brenn for.

Best av alt: På Fedje er det plass til deg og dine draumar òg.

Det er i tillegg spennande moglegheiter i næringslivet.

Som til dømes i:

Buksér og Berging: Sjøfartstjenester som blant anna slepebåtar og losskyssing.

Feddie Ocean Distillery: Fedje-basert destelleri med ambisjonar om å erobre verda.

Fedje Island: Driv overnattings-, reise og etetilbod på Fedje.

UNIKO: Senter som held tryggleikskurs for maritim og landbasert næring.

Fedje Sjøtrafikksentral: Kystverket sin trafikksentral på Fedje.

Samnøy Maskin AS: Lokal entreprenør.

/fæɪ̯e/

Landsbyen i havet, kallar me plassen vår.

Her ligg alt akkurat der du treng det, vegg i vegg og vik i vik.

Fleire har allereie tatt spranget og flytta ut.

Ut til eit nytt liv med tryggleik og tillit.
 

Til eit tettvove samfunn med ulåste dørar.

Eit samfunn der alle har eigne nøklar til symjehallen.

Eit liv i ei anna verd – men likevel tett på den gamle.

Berre tre mil unna Mongstad. Fem unna Knarvik.
Og under to timar unna Bergen og Flesland.

Her er det ikkje noko som heiter barnehagekø – og heile øya er ein einaste stor leikeplass.

Du treng heller ikkje betale noko for barnehagen – den er heilt gratis.

Og på Fedje skule har lærarane god tid til kvar elev på dei ti trinna.

Fedje har mykje. Mest av alt har me rom.

Hjarterom og husrom.
Rom til å puste.
Rom til å skape – jobbar, familiar, verdiar, liv.

Rom til å leve det livet du helst vil leve.

Fedje har historie – og Fedje er historia om framtida.

Om dei som tør å tenkje stort og nytt. Dei som tør bygge.

Som til dømes Søsterselskapet har gjort med med Feddie Ocean Distillery ogFedje Island.

Og som ildsjelane i Teaterlaget og i Idrettslaget, og alle dei som skapar aktivitet i fleirbrukshallen.

På Fedje er det plass til alle – og til alle lidenskapar og draumar.

Prøvebu Fedje

Vil vil gjerne treffe deg, og vi vil at du ska få treffe Fedje og fedjebuane. Derfor kan du søkje om å prøvebu Fedje gratis ei helg.

Lurer du på noko?

Ikkje nøl med å ta kontakt!